Barn, leik, natur og foreiningsdeltaking

Vårt land har hatt interessante artiklar om barn, leik, natur og foreiningsdeltaking på tysdag (08.09.14) og onsdag, og observante speidarsekretærar har gjort oss merksame på dei på facebook.

- Barn leikar ikkje lenger i naturen, seier forskaren. I alle fall ikkje utan at foreldra er med. For å sleppe vekk frå dei vaksne må barna rømme inn i dataverda.

Først: Eg er ikkje sikker på at dette er sant her på landsbygda. Barn leikar og barn leikar i naturen. Også utan vaksne.

Men dernest: Det gir grunn til nokre refleksjonar, for oss som driv med, og endatil meiner vi utviklar, organisert barne- og ungdomsarbeid.

I Etne begynte vi for nokre år sidan med Laurdagsspeidning, fire timar lange speidarmøte ein laurdag i månaden. Til hausten kjem boka der vi fortel korleis vi gjer det. Noko av verdien slik vi ser det , er nettopp at vaksne og barn gjer ting saman. Ute og i bevegelse. Aller best fungerer kanskje møta når det er tid og ro til pausar, når patruljeførarane får ein pust og litt tid til å samsnakkast, og dei unge speidarane (frå 5. klasse) held på med sitt. Leikar dei? Kanskje ikkje, men dei er saman, gjerne rundt det døande bålet etter matlaginga, og dei trivast. Og dei vaksne kan ta ein kopp kaffi.

Det kan vere vi skal lytte til forskaren, og i enda større grad våge å sleppe fram den programlause tida. Det er mange år sidan, på ein godt planlagd speidartur, på ein fjellveg med sykkel, då vi skulle skifte til kanoane eg hadde køyrd opp på førehand, at ein av speidarane spurde meg: Skal vi ikkje få tid til å leike? Eg trudde dei var for gamle til slikt. Men eg har jo mange gongar sett at ei øy og nokre kanoar kan halde barn og unge i aktivitet lenge, utan at dei treng eit einaste opplegg frå ein vaksen leiar eller krav frå eit merkeprogram. Den programlause tida kan utvikle dei flottaste aktivitetar.

Onsdag (09.04.14) omtalar Vårt Land den organiserte idretten og korleis dei mister barn før ungdomsskulealder. Litt tilfeldig har eg akkurat hatt møte med 10 av ungdomsskulespeidarane og prosjektleiaren i Villmarksmessa i Etne, der vi skal ha speidarstand og aktivitetar(!) (på asfalt!) utanfor kulturhuset. Og sidan prosjektleiaren var nytilsett og nytilflytt var det presentasjonsrunde, og eg vart minna på at to av speidarane hadde vore med mindre enn to år. Nyrekruttering i speidaren i 7. og 8. klasse! Det skuldast jamn høg kvalitet på arbeidet og bevisst satsing på leir i England i fjor sommar. Speidaren kan med andre ord klare å fange opp nokon av dei som sluttar i idretten. Det er vi nøgde med. Stikkord er friluftsliv, mange ulike aktivitetar og godt miljø på møta.

Ein annan ”kommentar” til artikkelen var i eit brev eg skreiv i samband med søknad om sponsormidlar til ein utstyrstilhengar vi prøver å kjøpe: ”Vi treng ikkje dyre idrettsanlegg eller tilrettelegging i naturen, men vi treng å ha med noko å koke mat i!” I samband med at vi treng nokre titusen kroner, har eg sett på kva det offentlege støttar: Tilrettelegging, skilting, jungelløyper. Som om ikkje naturen byr på nok utfordring i seg sjølv. Men vi treng likevel nokre kroner til tilhengaren som skal bringe” troppslokalet” dit ut.

Kor vil eg hen? Eg vil framleis utvikle eit godt og allsidig speidarprogram. Friluftsliv, mat på bål, kameratskap, kristen tru, med samfunnsansvar og internasjonal forståing. Eg vil nok også styrke vekta på kunnskap og opplæring i programmet, og ønskjer meg ein progresjon gjennom t.d. gradssystem. Så om eg møter meg sjølv i døra, så kjenner eg meg att. Men det som desse to artiklane har gitt meg tankar om, er at vi også i større grad skal ha programlause tider, der barn og unge kan få gjere nett kva dei vil. Og så kan vi som er vaksne vere tilgjengelege for den vaksenkontakten einskilde barn treng, barn som manglar trygg kontakt på heimebane eller av andre grunnar har særskilte behov, som det vil vere utruleg godt å få dekka frå ein nærverande speidarleiar, sittande stille, gjerne ved eit sloknande bål, eller ved ein hoggestabbe med øks i hand, for dei som ikkje kan sitte stille.

Også her er speidaren mykje nærare enn i dei fleste andre fritidsaktivitetar for barn og unge.

Vist 366 ganger. Følges av 1 person.
Annonse